MELLOM LAND OG LOV

forteljarprogram og kreativ verkstad

Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Me presenterer framføringar tilpassa eit vakse publikum og ein kreativ verkstad med forteljarprogram særskilt for born og unge.


Følg med for meir informasjon

Dei som ynskjer å registrera epostadressa si for å motta varsling om oppdatert informasjon, kan registrera ved å trykka her.

Høyr Magnuskvadet, vår signaturlåt, du finn den på alle strøymeflater lenke til spotify her


Song: Reidun Horvei

Tekst: Guttorm Rogdaberg

Musikk: Inger-Kristine Riber

Coverart: Anne Hesvik

publisert av Onen Records 27.4.2024

SPELEPLAN

sun

9.

jun

Halsnøy kloster

Klosterdagen

 

For born og unge

14:00-14:30 Forteljarstund med Reidun Horvei, gratis

14:00-16:00 Kreativ verkstad med Anne Hesvik, gratis

------

15:30-16:30 "Mellom land og lov" Historisk forteljarprogram 

Guttorm Rogdaberg, forteljing, Reidun Horvei, song og forteljing, Inger-Kristine Riber, musikk/lydkulisser, Anne Hesvik, visuelt uttrykk. Bill kr 200/150,-

fre

21.

jun

Agatunet

Lagmannstova 

max 50. personar



19:30-20:30 "Mellom land og lov" Historisk forteljarprogram 

Guttorm Rogdaberg, forteljing, Reidun Horvei, song og forteljing, Inger-Kristine Riber, musikk/lydkulisser, Anne Hesvik, visuelt uttrykk. Bill kr 200/150,-

sun

30.

jun

Lyngheisenteret

Alver

 

For born og unge

13:00-13:30 Forteljarstund med Reidun Horvei og Guttorm Rogdaberg, gratis

14:00-16:00 Kreativ verkstad med Anne Hesvik, gratis

------

15:00-16:00 "Mellom land og lov" Historisk forteljarprogram 

Guttorm Rogdaberg, forteljing, Reidun Horvei, song og forteljing, Inger-Kristine Riber, musikk/lydkulisser, Anne Hesvik, visuelt uttrykk. Bill kr 200/150,-

sun

28.

jul

Eidfjord gamle kyrkje

Olsok

 

21:00-22:00 "Mellom land og lov" Historisk forteljarprogram 

Guttorm Rogdaberg, forteljing, Reidun Horvei, song og forteljing, Inger-Kristine Riber, musikk/lydkulisser, Anne Hesvik, visuelt uttrykk. Bill kr 200/150,-


Ta med puta, teppe og jakka.  

laur

17.

aug

Agatunet


For born og unge

12:00-14:00 Kreativ verkstad med Anne Hesvik, gratis

13:00-13:30 Forteljarstund med Reidun Horvei og Guttorm Rogdaberg, gratis

------

Lagmnnstova, max 50 pers.

15:00-16:00 "Mellom land og lov" Historisk forteljarprogram 

Guttorm Rogdaberg, forteljing, Reidun Horvei, song og forteljing, Inger-Kristine Riber, musikk/lydkulisser, Anne Hesvik, visuelt uttrykk. Bill kr 200/150,-

sun

1.

sept

Ådlandstova

Stord

 

15:00-16:00 "Mellom land og lov" Historisk forteljarprogram 

Guttorm Rogdaberg, forteljing, Reidun Horvei, song og forteljing, Inger-Kristine Riber, musikk/lydkulisser, Anne Hesvik, visuelt uttrykk. Bill kr 200/150,-

Medverkande

Guttorm A. Rogdaberg, vår hovedforteljar, er ein kjend kulturvernarbeidar og ekspert på rettshistorie og mellomalderen.  Han fortel om Noregs historiske og juridiske arv på ein levande og autentisk måte.


Reidun Horvei, er fylkeskvedar i Vestland og har i ei årrekkje turnert med musikalske foteljarprogram som formidlar historiske tema.   


Inger-Kristine Riber, vår musikalske leiar, med ein fot i både den klassiske og moderne musikkverda, skapar ho eit unikt lydbilete som komplementerer våre forteljingar.


Anne Hesvik, ein fremstående kunstnar, tilfører ei visuell djupn til framsyningane med tavler ho har dekorert med ornamentikk og symbolikk. Arbeidet hennar gjev ein visuell resonans som forsterkar forteljingane.


Mellom land og lov

- ei historisk reise for born og unge

Gjer deg klar for ei unik oppleving med "Mellom Land og Lov"! Me inviterer born og unge til å utforske Noregs historie gjennom forteljarstunder og inspirerande kreative verkstader. Me kombinerer musikk, historieforteljing og kreativitet for å vekkje lærelysta og fantasien hjå dei unge.

Utforsk Noregs Kulturarv med "Mellom Land og Lov"

Vår interaktive og lærerike tilnærming lar unge deltakarar fordjupe seg i middelalderens kunst og kultur. Leiande kunstnarar og historieforteljarar vil vegleie deltakarane gjennom ein kreativ prosess som styrker forståinga og tilknytinga til vår rike kulturarv. Dette er ein unik sjanse for born og unge å læra på ein engasjerande og underhaldande måte.


Kreativ vekstad:

I Anne Hesvik sin verkstad vil deltakarane medverka aktivt og få utforske ornamentikk, symbolikk og lære om ulike mellomalderteknikkar.  


Forteljing:

Reidun Horvei og Guttorm Rogdaberg fortel soger knytt til Magnus Lagabøte, samtida hans og Landslova. Borna får også læra songar frå mellomalderen.


Speledatoar her Dei som ynskjer å registrera epostadressa si for å motta varsling om oppdatert informasjon, kan registrera ved å trykka her.


Mellom land og lov

-ei framsyning for vaksne

Denne framsyninga flettar saman forteljing, musikk og visuell kunst, og gjev eit levande og informativt blikk på Landslova. Opplev korleis denne lova har forma Noregs historiske og kulturelle landskap,  gjennom ei tankevekkjande reise gjennom vår juridiske og kulturelle fortid.

Velkomen til ei unik oppleving, der me inviterer deg til å stige inn i fortida med vårt historiske forteljarprogram: "Mellom Land og Lov".


Sjå aktuelle datoar ved å trykke her


Omgjeve av veggar som har vitna århundrer av norsk historie, får du ei sjeldan moglegheit til å høyra om livet og lovene som forma Noreg, med særleg fokus på landslova av 1274, stadfesta av kong Magnus Lagabøte.


Dette programmet er meir enn eit foredrag; det er ei tidsreise som utforskar det fundamentale skiftet landslova innførte i norsk rettshistorie, presentert i eit autentisk miljø rikt på historie og atmosfære. Lokala me har valt for framføring er bygningar som står som monument fra mellomalderen, kan du oppleve soger på ein måte som gjer fortida levande og nærværande.


Me ynskjer deg velkomne til ei  uforgløymeleg oppleving der fortid møter notid i eit autentisk miljø.


Guttorm Rogdaberg,forteljing

Reidun Horvei,song og forteljing

Inger-Kristine Riber, musikk

Anne Hesvik, visuelt uttrykk


Dei som ynskjer å registrera epostadressa si for å motta varsling om oppdatert informasjon, kan registrera ved å trykka her.

Kontakt oss

 
 
 
 

Samarbeidspartnarar